My Success
Jan Tore Wolff-Løland
Min suksess
Mitt møte med PartyLite
Første gong eg  høyrde om PartyLite var via Facebook i mars 2011. Eg såg at ei hadde annonsert at ho skulle vera vertinne for ein kveld... homeparty... i tillegg var det nevnt duftlys..
Det gjorde sitt til at eg måtte undersøkja kva dette var for noko...  nyskjerrig som eg var!
Ein rask tur innom Google, å ein heilt ny verden åpna seg for meg ;-)
Eg har alle dagar vore glad i å brenna lys, her var det jo side opp og side ned med lys og dufter i alle variantar!! Eg måtte berre ta kontakt omgåande for å få organisert eit party hos meg.
14 dagar gjekk og vips så var det homeparty på gong. Eg kjende på meg at dette kunne vera noko for meg, fortelja og gleda andre med desse fantastiske lysa i tillegg til alt det flotte tilbehøyret som også er å få!
Riktig nok, etter den kvelden vart det bestemt der og då at dette skulle prøvast ut, eg tok jobben som konsulent! Har ikkje angra eit sekund!!

Det er plass til fleire iblandt oss, muligheitane er mange, det er opp til kvar enkelt kor langt ein vil nå eller kor mykje ein vil jobba med dette.
Enkelte har denne jobben som ein hobby, slik som meg, mens andre har det som levebrød!
Kunne du tenkja deg å prøva deg som konsulent?? Ikkje nøl med å kontakta meg.

MVH
Jan Tore 

41451095
jtwl@icloud.com
Jeg godkjenner Regler & Vilkår

Fortsett